I tillegg til vernesaka vart det i møtet også drøfta tiltak for betre tilgang for ålmenta til området, m.a. å opne vegen frå Dalåker til parkeringsplassen på Goro opp for ålmenta.
Vi hadde konstruktive drøftingar kring dette, og vi meiner at det ligg godt til rette for opning av vegen på vinteren.
Det står att å avklare ein del praktiske tilhøve som tidspunkt for opning, snørydding og finansiering.
Området er eit viktig kalvingsområde for hjort og eit svært viktig område for hjortejakta. Hjortejakta er ein svært viktig del av næringsgrunnlaget for Hovedgården, og det må det takast omsyn til. 

Kaupanger Hovedgård er den største grunneigaren i kommunen. Skog- og utmarksområda vert nytta  både i næringssamanheng og til friluftsliv. Vi ser verdien av å leggje til rette for allsidig  bruk av desse områda utan at dette skal skapa unødige konfliktar. 

For fleire opplysingar:
Nils J. Knagenhjelm, tlf. 92825958
Rådmann Jostein Aanestad, tlf. 99165935