Kommunen har teke over ansvaret for frivilligsentralen

Kommunestyret har vedteke at kommunen tek over ansvaret for frivilligsentralen frå 01.10.10. Dette var etter ønskje frå dei 9 organisasjonane som i si tid oppretta frivilligsentralen i Sogndal.

Kommunestyret har vedteke nye vedtekter, og det er vald nytt styre:

Styret i Sogndal frivillingsentral

Namn medlem

Namn varamedlem

Vald av

Periode

Bjarte Stedje

Vibeke Johnsen

Kommunestyret

Valperioden

Olaug Marie Bjelde

Maryan Mundal

Administrasjonen

til 2013

May Evy Bakken

Liv Anny H. Barsnes

Kontaktmøtet

til 2014

Berhanu W. Eranu

Ingolf Fardal

Kontaktmøtet

til 2013

Gerd Hillestad

Oddvin Ølnes

Kontaktmøtet

til 2013

Kommunen vil leggje vekt på at intensjonen med frivilligsentralen vert sikra, det vil seie at frivillige lag og organisasjonar og enkeltpersonar skal vere aktive i frivilligsentralen.

Nytt eigarskap vil ikkje få følgjer for dei oppgåvene frivilligsentralen har i dag, og Åge Vedvik skal framleis vere dagleg leiar. Sentralen har flytta inn i Fjøra Intro sine lokale i eit samarbeid med flyktningtenesta. Her har dei både kontor og møterom.  Telefon 99 28 60 17. 

 

I framlegg til revidert kommuneplan er frivillig sektor eit prioritert delområde, og vi ønskjer å vidareutvikle frivilligsentralen som ein sentral møteplass for frivillig arbeid i kommunen.

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS