Fysioterapeuten gjer ei vurdering / undersøking og tilpassar opplegg til pasienten individuelt eller i gruppe. Tenesta har tilbod til personar i alle aldrar.

Fysioterapi kan føregå ute i skule, barnehage, institusjon eller heime dersom ein av ulike årsaker har vanskar med å oppsøke fysioterapeut. 

Fysioterapitenesta består av kommunalt tilsette fysioterapeutar og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen. Eigenandel for pasient er lik i heile fysioterapitenesta. 

Oversikt over fysioterapeutar i Sogndal