Fysioterapi

Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt helsetilbod når det gjeld førebyggjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade.

Målgruppe

Målgruppa er personer med behov for fysioterapi pga nedsett funksjonsevne, sjukdom eller skade. Det er fysioterapitenesta eller legen din som på grunnlag av faglege vurderingar fastset behovet. Du kan få fysioterapiteneste uavhengig av om du bur heime eller på institusjon. Bur du heime, kan du få tilbod om fysioterapi i heimen viss du av ulike årsaker ikkje er i stand til å oppsøkja fysioterapeut.

Pris

Folketrygda yter heil eller delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hjå fysioterapeut. Stønad til fysioterapi er avhengig av at fysioterapeuten har avtale om driftstilskot med kommunen. Pasienten betalar ein eigendel avhengig av diagnose.

Behandling og transport til behandling er gratis for barn under 12 år. Vaksne og barn over 12 år må betala eigenandel inntil ein har nådd beløpsgrensa for frikort frå folketrygda, dersom diagnosen ikkje gir rett til fri behandling.

I høgremenyen under 'Dokument' finn du oversikt over fysioterapeutane i Sogndal.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Relaterte nyhende

Web levert av CustomPublish AS