Godkjenning av landbruksveg

Målgruppe

Eigarar av jord- og skogbrukseigedommar

Vilkår

Bygging av landbruksveg og ombygging av eksisterande veg kan ikkje setjast i verk utan løyve frå kommunen.

Det skal gå fram av søknaden kva interesser som har nytte av vegen. Kalkyle av økonomisk vinst (transportvinst) skal leggjast ved søknaden. Det skal opplysast om forventa byggjekostnad for det omsøkte tiltaket, og naboar og rettshavarar innanfor området skal varslast. Kart i målestokk 1:5000 eller 1:10000, samt oversynskart i 1:50 000 skal følgje søknaden.

Handsaming

Søkjaren skal gje opplysningar om kjende miljøverdiar i vegen sitt dekningsområde. Det bør leggjast ved ei skildring av korleis ein meiner å ta omsyn til eventuelle miljøverdiar i området ved bygging og bruk av vegen
Søknad om bygging av landbruksveg skal sendast til kommunen. Ein kan nytta skjema M-0021N utarbeidd av Skogavdelinga i Landbruksdepartementet. Vegen bør vera planlagd og merka i marka, slik at veglina er lett å finna. Avgjerd om byggjeløyve vert teke av forvaltingsutvalet.

Vedlegg til søknaden: Kartdel i målestokk 1:5000 eller 1:10000 der veglina er innteikna med broten raud strek. Oversynskart i 1: 50000 som syner kvar anlegget ligg. Kalkyle av transportvinst ved større anlegg, forventa byggjekostnad.

Handsamingstid

1 mnd høyringsfrist
ca 1 mnd handsamingstid etter høyringsfristen

Søknadsfrist

Ingen

Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål av 20. desember 1996 er heimla i skoglova paragraf 17 og i jordlova i paragrafane 3 og 11

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS