Den ureviderte rekneskapen for Sogndal kommune for 2017 viser eit mindreforbruk på 12,1 mill. kroner. Netto driftsresultat er på 46,7 mill. kroner, eller 6,25% av driftsinntektene. Det er avsett eller overførd til investeringar 34,8 mill. kroner meir enn det som er bruk av avsettingar. Det er eit svært godt resultat. 

Hovudforklaringa til det gode resultatet er om lag 10 mill. høgare skatteinntekter enn budsjettert. Renter og avdrag er om lag 1,8 mill. under budsjett. Drifta har eit samla meirforbruk på om lag 1,3 mill. kroner.

Rekneskapen vert no revidert før den vert handsama i kommunestyret i april. Kommunestyret gjer vedtak om disponering av overskotet