Grunnskuleopplæring - føremål

Grunnskulen i Sogndal kommune skal gje barn og unge ei opplæring som stettar krava i lovverk og læreplan. 
 
Grunnskulen i Sogndal skal ha ei skulefritidsordning før og etter skuletid for alle elevar på 1. – 4. årstrinn og for elevar med funksjonshemming på 1. – 7. årstrinn. Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. Skulefritidsordninga skal gje barna omsorg og tilsyn.  Barn med funksjonshemming skal gjevast gode utviklingsvilkår. Areala – både inne og ute – skal vere eigna for føremålet (opplæringslova §13-7). 
 
Mål for opplæringa
Alle elevane skal gjevast like gode føresetnader for å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre.  Det skal takast omsyn til at elevane har ulike føresetnader og ulik progresjon, slik at alle kan oppleve gleda ved å meistre og å nå måla sine.
 
Elevane skal

  • oppleve ein skuledag kjenneteikna av positiv samhandling og medverknad
  • oppleve gode relasjonar til andre elevar og dei vaksne i skulen
  • lære dugleikar i lesing, skriving og rekning
  • kunne uttrykkje seg munnleg
  • kunne bruke digitale verktøy
  • utvikle haldningar og dugleikar som fremjar kreativitet og nyskaping
  • utvikle gode kunnskapar om lokalsamfunnet og lokalt næringsliv
  • få forståing for at dei sjølve kan skape arbeidsplassar og den verdien dette kan ha for lokalsamfunnet
  • få eit grunnlag og rettleiing for val av yrke
  • vere fysisk aktive kvar dag
  • skal oppleve eit godt psykososialt og fysisk læringsmiljø i skuletida og i skulefritidsordninga
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS