Habilitering, rehabilitering og individuell plan

Habilitering er eit målretta arbeid for å byggja opp og styrka fysiske, psykiske og sosiale funksjonar hjå barn og unge med funksjonshemmingar.

Rehabilitering er eit målretta og tverrfagleg arbeid for å gjenvinna funksjon hjå vaksne og eldre.

Pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege hjelpeapparatet  har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Føremålet med planen  er mellom anna  at pasienten får eit koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, å kartleggja  kva ressursar og mål pasienten har  samt å styrkja samhandlinga mellom tenesteytar og pasient og eventuelt pårørande.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS