Pleie- og omsorgstenesta er delt i tre soner etter geografi og tal innbyggjarar.
”Sone Fjøra” omfattar Fjøresida av sentrum og all busetnad aust for sentrum.
”Sone Stedje” omfattar Stedjesida av sentrum samt all busetnad vest for sentrum.
”Sone Fjærland” omfattar Fjærland.
Lov om helseteneste i kommunane § 2-1.
Lov om sosiale tenester m.v §4
Tenesta skal kompensere for tapt evne til å utføra daglege gjeremål hjå personar med helsesvikt, sjukdom eller skade.Tenesta skal legge til rette for at tenestemottakar skal kunne bu heime så lenge som mogeleg.
Kva kan ventast av tenesta?
- at informasjon om korleis du søkjer teneste og korleis du får søknadsskjema vert formidla ved første førespurnad
- at du om nødvendig, innan ei veke etter at søknad er motteken, vert kontakta for ei nærare kartlegging av hjelpebehovet
- at svar på søknad vert sendt deg innan fjorten dagar etter at vi har motteke søknaden.
- at du mottek innvilga teneste til avtalt tid
- at nytt personell seier kven dei er og kva dei skal gjere
- at det vert gjeve skriftleg melding om endringar i tenesteomfang, og skriftleg eller muntleg melding om endringar av tidspunkt
- at du vert møtt med respekt og teken med på råd
Heimen din er hjelparen sin arbeidsplass - vi ynskjer difor:
- at du er heime når hjelpa kjem eller seier ifrå tidlegast mogeleg dersom du ikkje er heime
- at det er mogeleg å komma fram til og inn i bustaden
- at det vi treng for reinhald er til stades og i god stand (støvsugar, vaskemaskin, bøtte, golvklut, løvang/mopp, støvklut og nok vaskemidlar)
- at du respekterer at hjelparane ikkje kan ta imot gåver eller pengar
- at du respekterer at vi har teieplikt
- at du gjev samtykke til tilpassing/installasjon av hjelpemiddel i heimen og at evntuelle møblar/ teppe vert flytta
- at hjelpemiddel vert handsama varleg og levert reingjorde attende
- at du sjølv utfører dei oppgåvene som du kan utføra
- at den einskilde hjelpar vert møtt med respekt
- at utelampa står på kveld, natt og tidleg morgon dersom du får tenester på disse tidene
- at du har innbuforsikring som dekkjer skader ved ”hendelege uhell"
- at det er godt utlufta dersom du røyker, og at det ikkje vert røykt når du mottek teneste
- at husdyr er ute av bustaden eller er i andre rom enn dei hjelpar skal vere i
Søknadsskjema får du i tenestetorget eller ved å venda deg til pleie- og omsorgstenesta. Søknad om teneste vert handsama av Tverrfagleg samarbeidsgruppe for eldre og funksjonshemma i Sogndal kommune,TSG. Med bakgrunn i ei fagleg vurdering gjer tenesteleiar vedtak om den tenesta som er mest tenleg for deg og som tek omsyn til kommunen sin økonomi. Alle vedtaka vert grunngjevne og utsendt saman med opplysningar om retten til å klaga.