Heimehjelp

Målgruppe

Heimehjelpstenesta skal sikra brukaren praktisk bistand og vera med å sikra at pleie- og omsorgstrengande i Sogndal kommune skal kunna bu heime så lenge som mogeleg. Målgruppa er personar  som har særskilde behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller av andre grunnar. Det er ein føresetnad at tenesta ikkje overtek gjeremål som brukaren sjølv kan utføra.

Ordninga kan omfatta:

  • reingjering
  • støvtørking
  • golvvask
  • sengeskift
  • klesvask
  • stryking i mindre omfang
  • laga til mat og gjera innkjøp av daglegvarer
  • enkel hjelp/tilrettelegging eller tilsyn ved personelg hygiene.

Tenesta kan ikkje tilby:

  • å vaksa utvendige glas dersom det medfører risiko for heimehjelpa
  • reinhald i delar av huset der det bur andre som ikkje har behov for heimehjelp
  • å laga til mat som kan kjøpast ferdig, t.d. brød, kaker, saft og syltetøy
  • vedlikehald, t.d. reparsjon av tøy
  • transporttenester.

 

Vilkår

Heimehjelpsordninga er heimla i Lov om sosiale tenester § 4-2.

Handsaming

Søknadsskjema 

Søknad om teneste vert drøfta i Tverrfagleg samarbeidsgruppe  for eldre og funksjonshemma, TSG, før tenesteleiar gjer vedtak.  

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS