Opningstida er onsdagar kl 09.30 - 13.30 ved Sogndal vidaregåande skule, og kl 14.00 - 15.30 ved Sogndal helsestasjon

Det er ingen timebestilling, så nokre dagar kan det vere noko ventetid.
Vi held stengt i skuleferiane.

Besøksadresse:
Sogndal helsestasjon
Dalavegen 2B
6856 Sogndal
Tlf: 57 62 97 20

Kva kan du bruke helsestasjon for ungdom til?
· Generelle helsespørsmål
· Samliv og seksualitet
· Prevensjon
· Kjønnsjukdomar - Urinprøve kan påvise klamydia!!
· Graviditets- og abortspørsmål
· Rusmidlar (alkohol, tobakk, narkotika)
· Vonde kjensler og tankar
· Psykiske problem som spiseforstyrringar, sjølvskading og andre helseplager

Nokre gonger kan det vere godt å ha ein vaksen person å snakke med, sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem, då er du og VELKOMMEN.

Vi på helsestasjon for ungdom kan gi deg råd, rettleiing og hjelp direkte eller vere til hjelp med å etablere kontakt og eventuelt tilvise vidare til andre instansar, dersom du vil.

På helsestasjon for ungdom kan du også hente brosjyrar og gratis kondomar.