Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til ungdom under 20 år som bur i Sogndal.
Vår ungdomshelsestasjon ligg i Sogndal helse – og sosialsenter.

Opningstida er: tysdagar 14.00 - 16.00 med helsesøster og lege deler av tida.

Det er ingen timebestilling, så nokre dagar kan det vere noko ventetid.
Vi held stengt i skuleferiane.

Besøksadresse:
Sogndal helsestasjon
Dalavegen 2B
6856 Sogndal
Tlf: 57 62 97 20

Kva kan du bruke helsestasjon for ungdom til???
· Generelle helsespørsmål
· Samliv og seksualitet
· Prevensjon
· Kjønnsjukdomar - Urinprøve kan påvise klamydia!!
· Graviditets- og abortspørsmål
· Rusmidlar (alkohol, tobakk, narkotika)
· Vonde kjensler og tankar
· Psykiske problem som spiseforstyrringar, sjølvskading og andre helseplager

Nokre gonger kan det vere godt å ha ein vaksen person å snakke med, sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem, då er du og VELKOMMEN.

Vi på helsestasjon for ungdom kan gi deg råd, rettleiing og hjelp direkte eller vere til hjelp med å etablere kontakt og eventuelt tilvise vidare til andre instansar, dersom du vil.

På helsestasjon for ungdom kan du også hente brosjyrar og gratis kondomar.

Vi har tausheitsplikt!!

Aktuelle linkar
Her finn du linkar til aktuelle web-sider for ungdom. Her kan du finne informasjon om for eksempel aktivitetar for ungdom, helse, seksualitet, graviditet, kjønnssjukdomar og mykje anna. 

Klara klok - ei populær side kor ein kan stille spørsmål og få svar
Ung helse - ein webplass med mykje aktuell informasjon for ungdom
SUSS - senter for ungdom, samliv og seksualitet
Amathea - rådgivingsteneste for gravide
Dixi - heimesida til landsforeningen for valdtekne
Smih - støttesenter mot incest
Psykisk helse i skulen
RUStelefonen - spørsmål og svar om rus og rusmidlar
Ung - ein nettplass for offentleg info om rettigheiter, mogelegheiter og plikter for unge
BUP ungdom
VIP - Veiledning og informasjon om psykiske problem og lidningar hjå ungdom

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS