HUV er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal kommune og studentsamskipnaden og er eit gratis tilbod til unge vaksne i aldersgruppa 20 - 25 år som bur i Sogndal.

Helsestasjon for Unge Vaksne held til i helse- og omsorgssenteret (Plassen 2) og har ope

  • kvar måndag kl. 9.30 - 14.30
  • kvar torsdag kl. 9.30 - 11.30 (kun for gutar)

i studieåret. Ingen timebestilling.

På helsestasjonen for unge vaksne (HUV) vil ein kunne få:

  • Rettleiing om prevensjon / reseptar på prevensjonsmidlar
  • Rettleiing i forhold til kjønnssjukdomar og testing av klamydia
  • Graviditetstest, samtale ved graviditet og rettleiing om abort 
  • Samtale om samliv og seksualitet
  • Gratis kondomar

Meir på HVL sine nettsider