Opus Bergen AS på vegne av Sognefjorden utvikling ønskjer å byggje eit servicebygg og barneskitrekk innanfor SKI1 i Rindabotn. Vi ønskjer å imøtekome merknaden, men endringane i planframlegget frå det som låg ute på høyring i perioden 17.2.-30.3.2016 er av ein slik karakter at vi legg opp til ei ny avgrensa høyring av dei aktuelle endringane.

I tillegg til merknaden frå Opus på vegne av Sognefjorden utvikling, har kommunen sjølv sett behov for å rette opp i vegføremål frå offentleg veg til felles veg på ei kort strekning, mellom 100-150 meter, etter parkeringsplassen (PP2 i tilgrensande detaljreguleringsplan) og opp i hyttefelta. Denne endringa er også ute på høyring.

Ønskjer du nærare opplysningar om reguleringsendringane tek du kontakt med sakshandsamar. Vi vil be om at dei som har interesser i området, nyttar høvet til å sjå etter kva verknader planen vil få.

Eventuelle merknadar sendast skriftleg innan torsdag 12.5.2016 på eige skjema,
eventuelt til postmottak@sogndal.kommune.no
eller til Sogndal kommune, v/Plan og næring, Postboks 153, 6851 Sogndal

Dokument i saka:
1. Utgreiing av forslag til endringar
2. Del av plankart for Rindabotn-Hodlekve