I felt B2 vert tomten lengst aust, gbnr. 1/251, justert ned mot enden av vegen ved snuhammar for å lette tilkomsten til tomta. Avgrensinga av feltet vert elles redusert i nordvestlege delen med om lag 7 meter. Tilgangen til friområdet vert oppretthalden med ei 2 meter brei stripe i enden av vegen.

Forvaltningsutvalet vedtok 04.11.2010 ei mindre endring for felt B i reguleringsplan Kjørnes III, opphavleg vedteken 25.11.1996. Ved denne endringa vart ikkje punkta som gjeld resterande del av reguleringsplan Kjørnes III teken ut. I forslaget til nye føresegner er punkta som gjeld resten av reguleringsplan for Kjørnes III no tekne ut, slik at reguleringsplanen for felt B vonleg vert lettare forståeleg. I tillegg er det rydda i rekkjefølga for punkta.

Justering av føremålsgrensene og nytt oppsett for føresegnene vert vurdert som ei mindre endring av reguleringsplanen, i medhald av plan- og bygningslova § 12-14.

Gjeldande plankart og føresegner:
Plankart
Føresegner

Framlegg til nytt plankart og føresegner:
Plankart
Føresegner

Planen ligg ute i tidsrommet 22.4 – 15.5.2016. Vi ber om at dei som har interesser i området nyttar høvet til å sjå etter kva verknadar planen kan få. Merknadar sendast skriftleg innan 15.05.2016 på eige skjema, eventuelt til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal eller postmottak@sogndal.kommune.no.