Kort etter fødselen 
Kan du sjå at barnet høyrer stemma di?
Blir meir våken, oppmerksom og/eller vider ut augene, blir stille, skvetter til ved uventande lydar.

Ved 1 mnd
Blir barnet tydleg stille viss du snakkar til det sjølv om det ikkje ser deg?

Ved 3 mnd
Barnet stilnar eller smiler til lyden av stemma di. Barnet vender hovudet eller augene etter lyden.

Ved 6 mnd
Barnet snur seg straks mot stemma di eller låge lydar som knitring av papir eller liknande. Likar å lytte til si eiga stemme. Ved svak høyrsel avtek barnet sin stemmebruk.

Ved 9 mnd
Barnet lyttar intenst til svært låge lydar frå kilder ute av syne. Likar framleis å lytte til eiga stemme og prøve seg på ulike lydar.

Ved 1 år
Som ovanfor, barnet viser respons på eige namn og andre vante ord. Byrjar å forstå ”ja” og ”nei”.

I småbarnsalderen
Som ovanfor, og språkutviklingen som forventa.

Ver oppmerksom på at uro, konsentrasjonsvanskar, ”vanskeleg gemytt” og andre generelle teikn kan ha sin årsak i plager frå øyrene/nedsatt høyrsel.

Viss du har mistanke om at barnet ditt ikkje høyrer godt, bør du henvenda deg til helsesøster eller lege.