Idretts- og Friluftsliv

Bratt moro i SogndalSogndal kommune har gode idrettsanlegg for både innandørs- og utandørsidrettar, og kan dermed tilby stor breidde i aktivitetstilbodet.

Idrettssenteret – lokalisert saman med Sognahallen i Fosshaugane Campus - er staden både for mosjonistar og toppidrettsutøvarar. Her er det medlemar frå 16 til 85 år. Studentar utgjer ei av dei største gruppene som trenar og mosjonerar ved senteret.

Idrettsenteret kan tilby eit stort og moderne treningsstudio, sykkelsal med 30 syklar, gruppetreningssalar med ulike aktivitetar og eiga velværeavdeling. Oversikt over tilbodet finn du på idrettssenteret. I Sognahallen og Campushallen er det hallaktivitetar som basketball, fotball, handball, friidrett og innebandy. I tillegg finn du Norges største klatrevegg her.

Fjellområda rundt Sogndal er unike og gir ypparlege forhold for ski og brettaktivitetar. Berre eitt kvarter i bil fører deg til gode snøforhold frå jul til 17. mai i Hodlekve skisenter. Du kjem høgt til fjells og kan køyre ned att i spennande løyper.

Fiske i fjorden er gratis heile året, og om du er heldig kan du få sjøaure, torsk, hyse, kviting eller sei på kroken. Du kan fiske frå brygger, svaberg og strender, eller leige båt og leggje ut på fjorden.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS