Det er rom for både topp- og masseidrett, og sentralt for idrettsmiljøet i kommunen står Idrettssenteret AS. Her vert det satsa på idrettsforsking, utdanning og medisinske tenester.

Sogndal idrettshall og symjehall er ein fleirbrukshall eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune og drifta av Sogndal vidaregåande skule.

Sognahallen er ein storhall med fotballbane, friidrettsanlegg og klatreanlegg og er ein del av Fosshaugane Campus. På Fosshaugane Campus er idrett, høgskule, vidaregåande skule og fleire kompetanseverksemder samla. Fosshaugane Campus er også "heimen til Sogndal fotball".

Naturen i Sogndalsdalen innbyr til fjellvandring, toppturar og laussnøkøyring. Sogndal skisenter Hodlekve har fleire skiheisar, nedfartar og langrennsløyper og er i stadig utvikling.

Nærmiljøanlegg

Hausten 2016 vart det opna ny klatrepark og ny bocciabane ved Trudvang, ny klatrepark i Fjærland og ny idrettspark på Kaupanger.
Kaupanger har eit aktivt idrettsmiljø og ein finn fleire anlegg på idrettsområdet på Kvernhushaugen.

​På Ylvisåker er det fleire ulike typar idrettsanlegg knytt til Norane oppvekstsenter.
I Fjærland finst det fotballbane, skytebaner og lysløyper.