Idrettssenteret

Logo idrettssenteretIdrettssenteret AS er eit moderne treningsanlegg for idrettsutøvarar, mosjonistar, eldre og personar under opptrening/rehabilitering. Senteret er lokalisert til Sognahallen og har eige treningsstudio på til saman 330 kvadratmeter. Treningsstudioet byr på moderne kondisjons- og styrkeapparat, eiga avdeling for tøying og bevegelegheitstrening, samt eiga frivektsavdeling.

Idrettsenteret består elles av ein aerobicsal, sykkelsal, medisinsk avdeling og eit testlaboratorium. Her kan ein verte testa på m.a. uthald, styrke, spenst og hurtigheit. Fysioterapeutar er tilknytta Idrettssenteret, og dei tilbyr ulike behandlingsformer, i tillegg til aktiv opptrening i Idrettssenteret sine fasilitetar.

Idrettssenteret AS er eit aksjeselskap eigd av Norsk Idrett gjennom Sogn og Fjordane Idrettskrins og Sogndal Fotball AS i nært samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Idrettssenteret sitt hovudmål er å skape eit ressurssenter som kan auke det idrettsfaglege kunnskaps- og kompetansenivået i heile Sogn og Fjordane.

Telefon: 57 62 90 00
Telefaks: 57 62 90 01
E-post:  idrettssenteret@idrettssenteret.no
 



Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS