Treng du hjelp frå mange fagpersonar i Sogndal? Då kan du få hjelp frå ein koordinator.

Individuell plan kan vere eit godt samarbeidsverktøy for å samordne tenestene dine. 

Koordinerande eining skal sikre at dei som har rett til det, får eit tilbod om individuell plan og koordinator etter kapittel 7 i Helse- og omsorgslova

Du må melde inn behov om tenestene på skjema. I tillegg må du skrive under på Samtykke til tverrfagleg samarbeid i Sogndal kommune. 
Er du under 20 år kontaktar du koordinerande eining barn/unge, og om du er over 20 år kontaktar du koordinerande eining vaksne.