Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Kva er målsetnaden til Frisklivssentralen?
Frisklivssentralen har til hensikt å systematisere bruk av tilpassa fysisk aktivitet, kosthaldrettleiing og røykeavvenning i det førebyggande folkehelsearbeidet i kommunen. Dette gjer me ved å gje deltakarane eit tilpassa tilbod innan fysisk aktivitet, kosthaldsrettleiing og røykesluttkurs.

Kven er målgruppa?Vaksne personar som er, eller står i fare for å bli kronisk sjuke og som har behov for tilpassa fysisk aktivitet, kosthaldsrettleiing og/eller røykeavvenning.
Korleis få tilbod ved Frisklivssentralen?
Behandlar (lege, fysioterapeut, kiropraktor, psykolog og bedriftshelsetenesta) skriv ut ein frisklivsresept til aktuelle pasientar. Pasienten vert kalla inn til ein helsesamtale på Frisklivssentralen. Denne er basert på ein endringsfokusert samtale og omhandlar helsetilstand, fysisk aktivitet, kosthald og/eller tobakkbruk. Ved behov blir det gjort ulike testar. Ut i frå samtalen og kva behov deltakaren har, sett ein saman ned ein plan for tiltak.
Korleis fungerar frisklivsresepten?
Frisklivsresepten varer i 6 månadar. Deltakaren får tilbod om tiltak i regi av Frisklivssentralen og/eller allereie eksisterande tiltak i kommunen som Frisklivssentralen har laga partnarskapsavtaler med. I tilegg til aktivitetstilbod og tilbod om kosthaldsrettleiing og røykeavvenning, har Frisklivssentralen gruppesamlingar som omhandlar livsstilsendring, fysisk aktivitet og kosthald. Oppfølgjinga blir avslutta med ein helsesamtale der ein gjer opp status og legg ein plan vidare.
Eigeninnsats og eigenandel krevst for å delta.
Det er ein eigenandel på 350 kr for deltakaren. Dette inkluderer to helsesamtalar, gruppesamlingar og aktivitetstilbod i regi av Frisklivssentralen. Det kan vere ytterlegare eigenandelar på tilbod i regi av samarbeidspartnarar.
Kan Frisklivssentralen vere noko for deg?
For meir informasjon, ta kontakt med ein behandlar eller Frisklivssentralen.
Kontaktinformasjon:
Besøksadresse: Campus Helse, Fosshaugane Campus, 1. etasje
Telefon: 95 89 36 41
E-post: frisklivssentralen@sogndal.kommune.no
