Sogndal kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggjarane. Via UMS ServiceVarsling (levert av UMS – Unified Messaging Systems AS), syt Kommunalteknikk for at du får beskjed via telefon eller SMS ved hendingar på vegnettet eller innan vassforsyninga. Det vil også vere aktuelt i andre spesielle situasjonar å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.

Varsling skjer ved at det vert sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei som berre er registrert med fasttelefon.

Korleis fungerer det?

I samband med stenging av vatn, lekkasje, driftsbrot eller liknande, vil det gå ut ein beskjed om kva som har skjedd eller kva som kjem til å hende. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedommar i det aktuelle området.

Når du tek telefonen får du beskjed om å taste 1 for å høyre ei melding som er lese inn.

På slutten av meldinga vert du beden om å taste:

  • 0- Dersom du ynskjer å få beskjeden lest opp ein gong til
  • 1- For å bekrefte at du har oppfatta meldinga

Dersom du ikkje tastar 1, vil systemet ringe deg opp att (inntil 3 gonger).

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som vert nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysninga frå alle teleoperatørar og informasjon frå GAB-registeret. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og vert difor ikkje varsla.

Får eg varsel? Korleis legge inn telefonnummer

Du har moglegheit til å kontrollere og endre oppføringa di i UMS sin portal for administrering av kontaktdata (UMS Contact Data Manager) : http://cdm.ums.no

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du til dømes ynskjer å få varsel ved hendingar som råkar fritidseigedom, studentbustad eller liknande.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgivar, må du sjølv legge inn nummer på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsel på hendingar på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, og vil difor ikkje ta i mot varsling med dagens system. Dersom ein likevel ynskjer varsling, kan ein registrere seg i databasen, som vert halde hemmeleg for alle andre.

Vert bedrifter også varsla?

Adressedatabasen som vert nytta under varsling inneheld også adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane og bedrifter vert difor tilrådd å endre eller legge til nummer og kontaktpersonar som skal varslast ved å logge inn på UMS Contact Data Manager: http://cdm.ums.no

Merka at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er difor lite egna som kontaktnummer for næringsverksemder. Dersom di bedrift er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at bedrifta tek i mot varslingar.

Varslingssystemet er meint som ein sikkerheit for di bedrift, verksemd eller institusjon. Dersom vi skal kunne nå dykk på ein rask og effektiv måte er vi avhengig av hjelp frå dykk.

Vi ber difor om at riktig kontaktperson vert registrert her: http://cdm.ums.no