Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Private innkøyrsler
Vegbrøyting fører til snø i private innkøyrsler. Kvar einskild bebuar kan ikkje føre snøen attende til veg og fortau. Veglova slår fast at eigar av avkøyrslene er ansvarleg for vedlikehaldet av avkøyrsla til sin eigedom. Det gjeld og snøfjerning. Snø frå innkøyrsle som vert ført attende i vegen skapar fårlege situasjonar for mjuke og harde trafikantar, problem for snøbrøytinga og det er ikkje lov å gjere dette.
Feilparkerte bilar
Sogndal Kommune har heile vinteren slitt med å få brøyta grunna feilparkerte bilar. Ver trygg på at du står lovleg parkert og at det ikkje er problem for brøytebilen å kome forbi slik at kommunen får utført naudsynt vedlikehald. Feilparkering hindrar eller forsinker snøbrøytinga og kan føre til bøter eller i veste fall borttauing.
Gjerde
Gjerde langs veger skal tåle brøyting og fresing langs etter vegen. Erstatning forutset at det kan påvisast ein direkte påkøyrsel. Skader på gjerder, belegningsstein o.a. som er plassert på kommunal veggrunn vil ikkje vere erstatningspliktig under nokon føresetnad.
Tining/flom
Mildver og regn skapar store vassmengder. For å redusere dei negative konsekvensane av vassmengdene oppfordrar me bebuarane til å sjekke næraste sluk og stikkrenne, og fjerne alt som kan hindre vatnet. Kommunen ønskjer å få ei tilbakemelding på tette og/eller frosne stikkrenner og sluk.
Greiner og busker
Grunneigar skal sjølv beskjære greiner og tre som heng innover vegarealet dersom dette er til hinder ved vedlikehald av vegen. Det er difor viktig at kvar eigar ryddar sin eigen eigedom for vegetasjon som hindrar sikt og vedlikehald.
