Både ordførar Arnstein Menes, varaordførar Vibeke Johnsen og formannskapsmedlem Trude Risnes vil delta. I tillegg blir styreleiar i Opplev Leikanger Roar Werner Vangsnes med i samtalen, som vert leia av Knut Henning Grepstad.

Opplev Leikanger meiner at samarbeidet mellom kommunen og frivillige utviklingslag og næringsforeiningar er svært viktig. Difor utfordrar dei Sogndal kommune til å vera med og sjå framover. Kva kan me saman få til på kort sikt og kva ser me i glaskula på lengre sikt? spør dei.

Opplev Leikanger håpar og trur at dette vil vera interessant for alle dei som er opptekne av å utvikla lokalsamfunnet på Leikanger. I ei melding dei har sendt ut om møtet, vert det også peika på at slikt arbeid kan vera til inspirasjon for folk i alle bygdelaga i Sogndal kommune.

Opplev Leikanger vart skipa i juni 2009 som eit utviklingsforum for næringsliv, lagsliv og privatpersonar i Leikanger. Dei jobbar for vekst og utvikling i Leikanger. Målet er å skapa aktivitetar ved å kopla næringslivet, frivillige lag- og organisasjonar og privatpersonar saman i lokale utviklingstiltak.

Alle er inviterte til å delta på det opne møtet 19. februar.