Jordprøver/gjødselplan

Målgruppe

Alle jordbruksføretak

Handsaming

For uttak av jordprøver kan det lånast ut jordbor. Kommunen har prøveøskjer.
Kommunen kan lage gjødselplan til dei som ynskjer det. Det vert gjort i samråd med brukar. Til grunn for gjødselplan bør det leggjast jordprøvar ikkje eldre enn 5 - 8 år. Det er gebyr på utarbeiding av gjødselplan.

Ta kontakt med kommunen og avtal tid med sakshandsamar for jordprøvetaking/ utarbeiding av gjødselplan.

Søknadsfrist

Ingen

Det skal utarbeidast gjødselplan for kvar vekstsesong. Driftseiningar som disponerer husdyrgjødsel frå meir enn 5 gjødseldyreiningar skal ha årleg gjødselplan. For driftseiningar med enkel driftsform, liten variasjon i arealbruken eller ekstensiv driftsform, kan gjødslingsplanen vare i inntil 5 år når dette vert godkjent av kommunen.

Kommunen kontrollerer gjødselplan som del av miljøplan i samband med kontroll av søknad om produksjonstillegg.

Forskrift om gjødselplanlegging

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS