Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
I grunnskulen til og med 7. årstrinn skal det berre gjevast vurdering utan karakterar. Frå 8. årstrinn skal vurderinga også gjevast med talkarakterar på ein skala frå 1 – 6.
Karakteren 6 nyttar ein når eleven har framifrå kompetanse i faget og viser høg gard av måloppnåing, og karakteren 1 vil ein nytte når eleven har svært låg kompetanse i faget og viser liten/ingen grad av måloppnåing.
I undervegsvurderinga skal læraren gi eleven attendemelding om oppnådd kompetanse i faget og kva eleven kan gjere for å utvikla seg i faget. Vurdering med og utan karakterar utgjer ein heilskap i vurderingsarbeidet og må sjåast i lys av kvarandre.
Ved sluttvurdering skal det berre nyttast heile talkarakterar. I tillegg til talkarakterar vert det i nokre fag nytta fylgjande karakterar; D (Delteke) og F (Friteken). D brukar ein i faga Elevrådsarbeid og Utdanningsvalg. F brukar ein når ein elev er friteken for opplæring i faget eller er friteken for vurdering med karakterar i faget.
