Friluftslivskartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i «Nasjonal strategi for aktivt friluftsliv». Arbeidet vert leia av Miljødirektoratet. Kartlegging av friluftslivsområde er eit verkemiddel for å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftsliv og bidreg til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane.

Arbeidet i den einskilde kommune skal følgje metoden i «Miljødirektoratets veileder M98-2013». Ei fleirfagleg arbeidsgruppe i kommunen skal kartlegge, kategorisere og verdsetje alle friluftsområda i kommunen. Resultata skal publiserast i www.naturbase.no. Siste fase i arbeidet er å vedta ein plan for korleis kunnskapsgrunnlaget skal nyttast vidare.

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil følgje opp kommunane med friluftsfagleg kompetanse, med koordinering og rettleiing og med GIS-kompetanse. Det er eit mål at alle kommunar i fylket skal ha gjennomført kartlegging av friluftsområda innan 2018. Fylkeskommunen har leigd inn FNF – «Forum for natur og friluftsliv» i fylket som prosjektkoordinator. Dei skal informere og følgje opp kommunane under vegs i prosjektet.

I Sogndal kommune er nedsett ei arbeidsgruppe med ressurspersonar frå lokalt friluftsliv. Arbeidsgruppa er leia av planleggar Marte Bergum Hansen. Arbeidet vert knytt opp mot arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og vil særleg fokusere på å kartlegge og verdsette tettstadnære turvegar og turområder. Alle innbyggarar er velkomne til å komme med innspel til arbeidet.

Ta kontakt med Marte Bergum Hansen om du har innspel eller spørsmål.