Det vert halde informasjonsmøte for jegrar med demonstrasjon om uttak av CWD-prøvar på hjortevilt slik:

Tysdag 5. juni kl 17:00  - Kommunestyresalen, Sogndal

Tysdag 5. juni kl 20:00  - Kommunestyresalen, Sogndal

Onsdag 6. juni kl 17:00 - Tingsalen i tinghus 1, Leikanger

Torsdag 7. juni kl 20:00 - Gymsalen i Fjærland skule, Fjærland

Alle hjorteviltjegrar bør møte opp og lære seg korleis dei skal ta hjerneprøve og prøve av bakre svelglymfeknutar.

Med på møta i Sogndal og Leikanger vert Nils Martin Fjær frå Mattilsynet som syner korleis prøvene skal takast.
Med på møtet i Fjærland vert dette demonstrert av Brede Seim.

Representant for Miljødirektoratet vert med for å halde ein presentasjon med hovudfokus på korleis jegerane skal ta prøvene, korleis dei skal registrere data og finne svar på prøvene.

Kartleggingsprogrammet vert gjennomført av Mattilsynet og Miljødirektoratet i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Veterinærinstituttet. Programmet skal gi kunnskap om geografisk utbreiing av sjukdommen og dei ulike typane av skrantesjuke.

Meir nyttig informasjon om CWD finst på samlesida hjortevilt.no. Her vil óg presentasjon av kartleggingsprogrammet verta tilgjengeleg etter kvart.