Kaupanger skule er ein 1 - 10-skule med 191 elevar i skuleåret 2017/18.

Skulen ligg i Kaupanger, ei bygd med omlag 1800 innbyggjarar, omlag ei mil  frå Sogndal, som er kommunesenteret.

Kaupanger skule, "skulen i skogen" ligg fint til i furuskogen på Kaupanger. Skulen er bygd i fleire trinn: Me har "Gamleskulen" med gymnastikkbygget, hovudbygningen som inneheld kontor, lærarrom, arbeidsrom for lærarane, bibliotek, formingsavdeling, skulekjøken og klasserom. I tillegg har me ein klasseromsbygning som også innheld naturfagrom og musikkrom.
SFO held til i "Gamleskulen".

Skogen og uteområdet til skulen pregar uteaktivitetane til elevane; populære aktivitetar i skogen er hyttebygging, sistenleikar, rolleleik mm.  I tillegg har me ei stor kunstgrasbane der elevane driv med mykje god aktivitet.