Kaupanger stavkyrkje

Loading map...

 Kaupanger stavkyrkje er den største stavkyrkja i Sogn. Utgravingar under kyrkjegolvet viser spor etter to tidlegare bygningar. Under kyrkja er det funne eit brannlag. Brannlaget og myntfunn datert 1130-1150 blir sett i samband med dei historiske hendingane sommaren 1184, då kong Sverre sine menn brannherja bygdene i Sogn. Truleg er kyrkja bygd kort tid etter. 
Opprinneleg hadde kyrkja 6 stavar i lengda i skipet, men ein gong i mellomalderen vart kyrkja utvida. Dei delte kyrkja i to, frå taket og ned til grunnsvillene. Den vestlegaste delen vart skyvd bakover, og det vart innsett to par søyler, slik at kyrkja fekk 8 stavar i lengda.

Dei høge, slanke mastene frå golvet og opp til taket er heile, og har profilerte avbladningar mot toppen. Dette gir kyrkja eit vertikalt preg. Altertavle, preikestol og det meste av inventaret er frå 1600-talet. Også dekorasjonane på veggene er frå den tida. Kaupanger stavkyrkje er soknekyrkje og har vore i vanleg bruk gjennom alle desse åra. Spora frå fortida gjer kyrkja levande, og er med på å fortelje historia til kyrkja og til folket som har brukt henne gjennom alle tider. 

Eigar: Kaupanger sokn. Vert forvalta av Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd 
Omvising: Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane
Telefon: 57 67 88 40
E-post: sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no 
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS