Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Kaupangerskogen
Det store skog- og fjellområdet som utgjer Kaupangerskogen, er eit av dei finaste turområda i kommunen. Det er mange måtar å kome inn i terrenget på. Dei store furuskogane har eit nett av traktor- og skogsbilvegar som slyngjer seg opp dei bratte liene. Du kan starta turen ved Dalåker, frå folkemuseet eller frå Vikastrondi frå sørsida av Barsnesfjorden.
For dei som ynskjer å gå kortare turar i skogsterreng, er området kring flyplassen, Kaupangerholten og Kaupangerskogen oppover til Bjørkestøl eit fint alternativ. Det lettaste terrenget finn ein på Kaupangerskogen, medan terrenget rundt flyplassen er meir småkupert. Kaupangerholten har eit meir variert skogsterreng med lier, flater, kollar og til dels bratte skrentar. Det jamt brattaste skogsterrenget finn ein nord for flyplassvegen, frå Kaupangerskogen og opp til Bjørkestølen.
Haukåsen (flyplassen)
Haukåsen (ca. 500 m.o.h.) er eit mykje nytta utfartsområde i kommunen. Avstanden frå Sogndal til Haukåsen er ca 18 km, medan avstanden til Kaupanger er ca 8 km. Haukåsen ligg som ei halvøy mellom Sogndalsfjorden og Sognefjorden. Dei skogkledde dalsidene stuper bratt ned i fjorden, medan platået oppe er avrunda og småkolla. Den høgste toppen er Storehaugen på 1174 m.o.h.
Storehaugen (1174 m.o.h.)
Denne turen har ei stigning på ca 600 m, fordelt på omlag 5 km. Utgangspunktet er parkeringsplassen ved flyplassen, herifrå følgjer du grusvegen til toppen (om lag 4-5 timar t/r). Utsikta herifrå er storslegen. Du kan også følgje ein merkt sti frå Vestreim på Kaupangerskogen – total stigning er då ca 1000 m.
Lingesete – Dueskard (986 moh)
Turen er omlag 5 km og går i eit lett, variert terreng med jamn stigning omlag 200 m frå flyplassen. Her kan du anten følgjer vegen fram eller gå utanom. Dersom du vel å gå utanfor vegen, er det ein føremon å ha turstøvlar. Det finst ein del myrar i dette området. På Lingesete er det fint å ta rast før ein går attende, eller halde fram til vardane på Dueskard med utsyn over store delar av Sognefjorden
Fimreite
Fimreite er ein segnomspunnen stad lengst vest på Haukåshalvøya. Turen frå flyplassen og ned til Fimreite er ca 12 km lang, og ein lyt rekna ein dagsmarsj ein veg. Turen går over Dueskard (986 m.o.h.) og vidare på ein skogssti før ein kjem inn på skogsbilvegen som går ned til Fimreite. Turen går i skiftande landskap. Her kan ein oppleva alt frå snaufjell til varmekjær lauvskog nederst ved fjorden. I fjorden ved Fimreite, sto Fimreiteslaget mellom kong Sverre og kong Magnus Erlingsson i 1184.
Vikane – Valeberg
Den gamle ferdselsvegen gjennom skogen mellom Vikane (avkøyrsle til Kjørnes) og Varleberg (ved avkøyrsla til Fimreite) er ein god og lett turveg. Dette er del av gamlevegen mellom Sogndal og Kaupanger, og langs vegen er det sett opp tavler som gjev ein del bakgrunnsinformasjon om vegen.

