Kino, teater og konsertar

KulturhusetI Sogndal Kulturhus er det eit kinotilbod kvar dag med unnatak av måndag – og det er mange premiereframsyningar i løpet av eit år.

Kulturhuset har teaterframsyningar frå Riksteateret, Sogn og Fjordane Teater, frie teatergrupper og amatørteatergrupper. Sogndal er ein prioritert framsyningstad frå Riksteateret si side – og tilsaman er det rundt 15 teaterframsyningar i løpet av året.

Sogn teaterforum arbeider mellom anna for å få fleire til å gå i teater, med fokus på ungdomar og unge vaksne. Kontaktinformasjon: E-post: sognteaterforum@hotmail.com


Studentsamfunnet har om lag 120 ulike arrangement årleg i Meieriet, mellom anna 70 konsertar. Dei fleste av desse tilboda er opne for alle.

Distriksmusikergruppa er ein del av Sogn kulturskule, og dei og elevane i musikkskulen har fleire konsertar ulike stader i kommunen i løpet av året.

Frivillige song- og musikkorganisasjonar og skulane i kommunen inntek og scena i kulturhuset – eller andre scener - med jamne mellomrom. 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS