Kva type «parkeringsbot» som er utskrive står på ilegginga.

Klage på parkeringsgebyr

Parkeringsgebyret er kroner 900.

Betalingsfristen for parkeringsgebyr er 3 tre veker frå ileggingsdato, sjølv om ein klagar. Dette er heimla i Forskrift om offentlig parkeringsgebyr  §5. Er ikkje gebyret betalt innan 3 veker frå ileggingsdato, vert det sendt ut tilleggsgebebyr på 50%.

Klage på parkeringsgebyret skal sendast til kommunen.
For å klage på parkeringsgebyr, klikk på linken under.

Elektronisk klageskjema:    Klage på parkeringsbot

Klage må sendast inn seinast 3 – tre – veker etter ilegginga.

Dersom klagen ikkje vert teken til følgje av kommunen, kan klagaren krevje saka klaga inn for Tingretten. Krav om dette skal sendast inn via kommunen.
 

Klage på kontrollsanksjon

Kontrollsanksjonane varierer mellom 300 og 900 kroner. Den vanlegaste kontrollsanksjonen er på 600 og gjeld mellom anna der kor det ikkje er betalt avgift.

Klage på kontrollsanksjonen skal sendast til kommunen.
For å klage på kontrollsanksjonen, klikk på linken under.

Elektronisk klageskjema:    Klage på parkeringsbot

Det er 8 vekers handsamingstid på klagen.

Dersom klagen ikkje vert teken til følgje av kommunen, kan klagaren klage vidare til Parkeringsklagenemda. På heimesida til til Parkeringsklagenemda – www.parkeringsklagenemda.no – finn ein meir informasjon om korleis ein klagar. Fristen for å klage er 1 – ett – år etter at første klage vert sendt til kommunen.

Kontrollsanksjonen må betalast innan 3 veker etter ilegginga.

Om ein klagar, må ein betale innan 3 veker etter at svar på er motteke dersom klage ikkje er sendt til Parkeringsklagenemda.