Klima

klima.JPGKlimaet på kloden er i endring, og det er venta at gjennomsnittstemperarturen på jorda vil stige med mellom 1,1 og 6,4o C i løpet av det 21. hundreåret. Ein auke på 2o C eller meir vil truleg endre livsvilkåra på jorda radikalt. Uavhenging av kor raskt vi klarer å redusere utsleppa av klimagassar, vil klimaet endre seg, utsleppsreduksjon og klimatilpassing må difor vere parallelle prosessar.

Klima er noko som vi alle må ta ansvar for, og vi ønskjer å ta vår del av saka.

I arbeidet med klima- og energiplanen til Sogndal kommune i 2009 såg vi på utsleppssituasjonen. Den største utsleppskjelda i kommunen er vegtrafikken, og prognosar for trafikkutviklinga tilseier at utsleppa frå denne sektoren vil auke også i åra framover. Sogndal vil truleg få ein større auke i og med at bomstasjonar på rv 5 vert avvikla. Det er avgrensa kor mykje kommunen åleine kan gjere på dette området, men planlegging er eit nøkkelord. Kommunen har stor påverknad på planlegging og har eit viktig hjelpemiddel i plan- og bygningslova. Vi har lagt særleg vekt på å betre vilkåra for gåande og syklande, men òg på parkeringsspørsmål og det å få på plass ei regional pendlarrute.

Stasjonær forbrenning utanom prosessindustrien står for 6 % av total klimagassutslepp i kommunen, men kanskje den kjelda som er enklast å gjere tiltak innafor. Vi har difor hatt dei største tiltaka innafor kategorien energi, der vi skal medverke til energieffektive løysingar. Det viktigaste tiltaket er arbeidet med å få etablert felles varmesentral og varmenettverk for Sogndal sentrum. Også i andre delar av kommunen skal vi ved nybygging vurdere vassboren varme og krav om klimavenlege energikjelder.

I eigen bygningsmasse skal kommunen fase ut olje innan 2015 og utarbeide ein enøk-plan for å gjere bygningane våre meir energigjerrige. Miljøsertifisering er eit anna forslag.

Klimasårbarheit
Vi har eit naturskjønt landskap med fjord, fjell, bre, elvar og dalar. Eit landskap som vi er stolte over, men som og gjev oss utfordringar. Skred, ras, steinsprang og flaum er vi kjende med, men eit varmare og meir regnfullt klima vil gje oss hyppigare og nye utfordringar. I arbeidet med klima- og energiplanen har vi difor hatt klimasårbarheit i søkj

I denne omgangen har vi gjort framskriving av sannsynlege klimaendringar i Sogndal kommune, og diskutert kva konsekvensar endringane vil gje og behov dei skapar. Målet er å ha eit robust lokalsamfunn òg i framtida. Vi skal møte dei utfordringane som endra klima gjev på ein best mogleg måte og vurdere og sikre område for ras, skred, flaum og havnivåauke.

2010-11-17

Sjølvbetening

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS