Sogndal kommune kjem som nr. 15 nasjonalt og som nr. 3 i fylket i dei førebelse tala frå kommunebarometeret for 2018. Det er eit godt resultat som ordførar og rådmann seier seg godt nøgd med.

Sogndal kommune har i alle år sidan 2011 vore blant dei kommunane i landet som skårar best i kommunebarometeret. Kommunebarometeret vert kvart år gjeve ut av Kommunal Rapport, og er ei rangering av kommunane basert på offentleg tilgjengelege data. Kommunal Rapport skriv at resultata for Sogndal kommune er klart betre enn dei økonomiske føresetnadene til kommunen skal tilsei.

Les meir om kommunebarometeret 2018 på Kommunal Rapport sine nettsider.