- Har du mistanke om at du kan vera smitta, ber me om at du kontaktar legekontor eller legevakt på telefon 116117 utan å møta opp. Det gjeld dei som har vore på reise i smitteutsette område, er komne heim og blitt sjuke, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø i Sogndal kommune.

Torsdag melde Folkehelseinstituttet at tre nye personar, alle busette på Austlandet, har testa positivt på koronaviruset. I tillegg har ei kvinne i Tromsø tidlegare testa positivt på viruset.

Folkehelseinstituttet understrekar at dette er enkelttilfelle knytte til smitte i utlandet, og at me ikkje har ei pågåande smittespreiing i Noreg.

Helsemyndigheitene har sendt ut informasjon om at dei lokale helsetenestene skal planlegga for ein alvorleg epidemi. Legekontora og andre delar av helsetenesta i Sogndal rustar seg for at mange kan bli sjuke, men så langt er ingen i Sogndal kommune testa for koronavirus.

Med det me veit til no, får dei aller fleste som er smitta av koronaviruset, ein mild sjukdom, medan eit lite mindretal kan få lungebetennelse med komplikasjonar.

Sogndal kommune følgjer situasjonen tett, og vil gje informasjon dersom det vert sett i verk tiltak lokalt.

Kva skal du gjera ved mistanke om smitte?

Har du reell mistanke om at du er smitta, skal du ikkje vera ute blant folk, men halda deg heime.

For å hindra at du smittar medpasientar på legekontoret, ber me om at du tek kontakt med legevakta på telefon i første omgang.
 

Slik kan du bli smitta:

Koronaviruset (covid-19) smittar vanlegvis gjennom lufta som dråpesmitte.

Du kan verta smitta ved direkte fysisk kontakt med ein som er sjuk. Det er også mogleg å verta smitta ved å ta i gjenstandar som smitta personar har teke i tidlegare.

Kor lang er inkubasjonstida?

Inkubasjonstida (tida frå ein er smitta til sjukdomen bryt ut) er vanlegvis 5-6 dagar, men kan vera frå 0-14 dagar.

Kvar er det spreiing av smitte?

Smitten er først og fremst registrert på Fastlands-Kina, men også område som Hong Kong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea og regionane Lombardia, Piemonte, Emilia-Romanga og Vemento i Italia er ramma av smitte.

Dette er symptoma:

Symptoma er hoste, feber, sår hals, brystsmerter, tung pust og i nokre tilfelle pustevanskar.

Korleis verna seg mot smitte?

Dersom smitten spreier seg, er det viktig at du held minst ein meter avstand til personar med luftvegsinfeksjon og hoste.

Det er svært viktig med god handhygiene ved at du vaskar hendene ofte og grundig. Det er også viktig at du ved hoste nyttar papirserviett som vert kasta etterpå, eller at du hostar i olbogekroken.

Folkehelseinstituttet tilrår ikkje friske personar å nytta munnbind på grunn av mykje feilbruk. Personar som er smitta, kan nytta munnbind for å redusera risikoen for å smitta andre. Helsepersonell som handterer smitta personar, skal nytta munnbind.

Les meir om koronaviruset på nettsida til Folkehelseinstituttet