Kommunestyret gjorde følgjande vedtak den 25.06.1985:

Normalforskrifter for bruk av kommunevåpen”, vedteke av styret i Norske Kommuners Sentralforbund 12.12.76 - skal gjelde for Sogndal kommune, der §1 skal lyde: “Sogndal kommune sitt våpen, fastsett ved Kongeleg Resolusjon 14.12.84 er: Sogndal kommunevåpen skal vera: På blå grunn ein oppveksande gull skipsstamn.

Symbolet er stamnen på eit vikingskip. Motivet knyter seg til slaget ved Fimreite i Sogndalsfjorden i 1184, slaget mellom kong Magnus og kong Sverre som kom med sine skip til Fimreite. Kong Sverre gjekk av med sigeren.

Sogndal kommune