Rolf Navarsete vart tildelt Kongens fortenestemedalje søndag 20. mars på Fosshaugane Campus i samband med heimekampen mot Vålerenga.

Kjøpmann og fotball-leiar.Fotballspelar, leiar, forretningsmann, lokalsamfunnsutviklar.
Utdanna lærar, aktiv fotballspelar i Sogndal til 1977, og var med på Sogndalslaget som spela cupfinale i 1976.
Formann i SIL i mange år og ein sentral person i trening og drift av fotballag i Sogndal. Spelarutviklar, økonomisjef, anleggssjef og sportsleg leiar, m.m.. I tillegg ein nestor som kjøpmann, og har ei hand på rattet i samband
med utviklinga i daglegvarebransjen. Me registrerer at du framleis er nysgjerrig og svolten godt opp i 60-åra, det lovar godt.

Fotball-laget og Sogndal hadde ikkje vore det same utan deg. Du har og har hatt ei hand om heile utviklinga av anleggsutbygginga på Hafslo og på Campus, og utviklinga av fotballklubben og fotballeventyret Sogndal. Men og ein
lagspelar som har dela framgangen med dei rundt deg.

Du har i alle år gitt gode bidrag til lag og organisasjonar til friviljug arbeid, du ser kor viktig friviljug arbeid er i lokalsamfunnsutviklinga.

Ditt organisatoriske virke i SIL starta på slutten av 70-talet. Rett inn i leiande posisjonar, du har ein eineståande posisjon i norsk toppfotball, alltid ein leiar og eit godt føredøme. Vel kjend og respektert.

I ditt virke for fotballen har du gjort eit arbeid som har sett spor lokalt, i fylket og nasjonalt. Det har styrka vår kultur og vårt omdøme. Du har stort sett fått det som du vil, men du likar motstand og det har nok kosta. Du snakkar lite om korleis det skulle vore, du har gjort det.

Du vidareførde familiebedrifta K-Sentret, seinare Meny som ein av dei fremste innan daglegvarebransjen. Lange arbeidsdagar i fleire tiår til du selde deg ut for nokre år sidan. Ikkje alle av oss er klar over kva posisjon du òg har innan næringslivet. Du vert lytta til og søkt råd hjå.

Med dine evner for tillitsskapande samarbeid og gode idèar er du ein av føresetnadene for at me har dette anlegget i dag og klubben sin posisjon i norsk fotball. Fotballen i Sogndal har vore ein heilt avgjerande samlande faktor
for utviklinga av bygda. Ein smeltedigel der ulike interesser og folk med ulik bakgrunn har fått oss (stort sett) til å dra i same retning. Og eg tenkjer og på Svein Bakke som var ein del av dette, Knoll og Tott som fekk det til
i saman. Rolf og Svein som utfylte kvarandre.

I 2013 tok du i mot utmerkinga som Årets samfunnsentreprenør overrekt av næringsministeren NHO S & Fj. Næringslivspris, kulturpris frå kommunen og fylket og fleire prisar.
 
Du er ein av dei største samfunnsbyggarane i Sogndal og fylket. Du er kjent over store deler av landet som ein idèrik og motiverande person, ein heidersmann og positiv brubyggjar mellom einskildpersonar og organisasjonar.
Di positive skaparkraft gjer at du er ein person me er stolte over å kjenne.

Det er meg ei stor ære på vegne av H.M. Kong Harald å overrekke deg Kongens fortenestemedalje. Du vil ved eit seinare høve  bli invitert til ei mottaking på Slottet for å takke for medaljen.