Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
I dette høve tyder konsesjon løyve til å overta eigedom.
Føremålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetjinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern av produksjonsareala i landbruket og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for landbruket, bl.a. med tanke på:
Dersom du arvar, kjøper eller mottek fast eigedom som gåve, må du normalt søkje om konsesjon. Det er mange unntak frå konsesjonsplikta. Til dømes gjeld ikkje konsesjonsplikt for eigedom du overtek frå nære slektningar. I slike høve skal det fyllast ut "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom m.v."
Personar som har overteke ein landbrukseigedom med buplikt.
Personar som har søkt konsesjon og får buplikt som eit vilkår for konsesjonen.
Overtek du ein landbrukseigedom frå nære slektningar, er det eit vilkår for konsesjonsfridomen at du innan eitt år buset deg på eigedomen og bur der i minst 5 år. Landbrukseigedomar med buplikt er bebygde eigedomar der fulldyrka og overflatedyrka jord er meir enn 25 dekar, eller eigedomen har meir enn 500 dekar produktiv skog. Som bebygd eigedom reknast her eigedom med oppførte bustader som er eller har vore brukt som heilårsbustad..
Sakshandsamingsgebyr
For vanlege konsesjonssaker betalar du gebyr etter følgjande satsar:
3 promille av fyrste million av omsetningsverdi
2 promille av overskytande omsetningsverdi
Gebyret skal ikkje vere lågare enn kr. 750,- (grunngebyr) og ikkje over 20 gongar grunngebyret. Du betaler ikkje konsesjonsgebyr når du søkjer konsesjon fordi du ikkje skal oppfylle den lovbestemte buplikta etter konsesjonsloven § 5 andre ledd.
Du må søkje konsesjon viss du ikkje kan eller vil oppfylle buplikta. I vurderinga av søknaden skal kommunen legge særskilt vekt på:
Tilknytninga di til eigedomen og livssituasjonen din kan tilleggast vekt som eit korrigerande moment.
Du må bruke skjema frå Statens landbruksforvaltning når du skal søkje om konsesjon.
Vedlegg til søknad: Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.
