I Sogndal kommune gjeld tiltaket i hovudsak etablering av ny linjetrasé frå Slakkafjellet, over Sogndalsfjorden til Lingesetfjellet og vidare over Sognefjorden til Frønningen. Eksisterande leidningstrasé og trafostasjon i Fardal vil fjernast når anlegget står ferdig.

Det vert halde folkemøte om del av prosjektet som gjeld Sogndal og Vik kommunar tysdag 14. mai frå 19.00-20:30 i kommunehuset på Leikanger.

Statnett vil også halde open kontordag i kommunehuset i Sogndal 22. mai frå kl. 12:00 til 20:00 i kommunestyresalen.

Du finn meir informasjon om prosjektet på https://www.statnett.no/her-bygger-vi/region-vest/aurland-sogndal/

Høyringsbrev