Kriseinfo.no er lansert

Kriseinfo.no er ein nettportal som formidlar viktig informasjon frå styresmaktene til innbyggjarane før, under og etter kriser.

Logo kriseinfo.no

På Kriseinfo.no skal befolkninga finna kvalitetssikra informasjon frå styresmaktene. Målet er at innbyggjarane skal finna den informasjonen dei treng på ein stad, utan å måtta kjenna til korleis ansvar og oppgåver er fordelt mellom ulike styresmakter.

Portalen skal vera i kontinuerlig drift og vert fortløpande oppdatert med varsel og informasjon knytt til risiko og beredskap. Portalen skal vera lett tilgjengeleg, og er difor tilpassa dei ulike kanalane folk er på, som til dømes mobiltelefonar og nettbrett.

Portalen er etablert og skal driftast av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS