Målgruppe
Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søkje om kulturmidlar. Det er utarbeidd retningsliner for kulturmidlane.
- Kulturmidlane kan søkast på av alle lag og organisasjonar som arrangerer kulturtilbod for barn og ungdom. Dette gjeld all aktivitet, inklusiv instruksjon, rettleiing og leiaropplæring.
- Tilskotet kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg eller til normale driftsutgifter for institusjonar med særskild statleg tilskotsordning til drift.
Vilkår
- Tiltaket må kome innanfor ei romsleg tolking av kulturomgrepet.
- Søkjar kan vere lag, samskipnader, institusjonar eller einskildpersonar som driv kulturarbeid i kommunen. Prinsippet må vere at tiltaket vil gje auka aktivitet og trivsel for innbyggjarane i ei grend eller i heile kommunen.
- Tilskotet vert gjeve etter mellom anna aktivitet, medlemstal, økonomi og kontingent, og ein vil prioritere nye tiltak og lag som driv aktivt, men økonomisk forsvarleg.
- Søknadsfrist må overhaldast. Det skal nyttast eige søknadsskjema. Med søknaden skal det følgje rekneskap, årsmelding og ein grunngjeven plan for det vidare arbeidet.
Handsaming
Ordninga vert kunngjort i lokalavisa/heimesida ca. 10. mars kvart år med søknadssfrist 1. april. Søknadsskjema og retningsliner skal vere tilgjengeleg i tenestetorget, Sogndal bibliotek og på kommunen si heimeside. Politisk handsama i formannskapet. Fylgjande punkt er vedteke:
- Det er ei fast hovudutdeling for året med søknadsfrist 1. april. Ein del av midlane bør haldast att til resttildelinga i desember.
- Tiltak for barn og unge er prioriterte.
- I tillegg vil ein kunne prioritere tiltak som gjev eit kulturtilbod for folk i kommunen - som konsertar og andre framsyningar - og drift av forsamlingslokale.
- Lokale tiltak skal prioriterast framfor tiltak på regional/fylkesplan.
- Ein del av midlane skal kunne nyttast i eit samarbeid med lag/organisasjonar/skular for å få gjennomført vedtekne tiltak t.d. i friluftsplanen og miljøplanen.
- Resttildeling: Søknader skal vere hjå sakshandsamar innan 1. november. Behandling i siste formannskapsmøte i desember. Ingen utlysing av resttildeling.
Søknadsfrist
1. april for hovudtildeling og 1. november for resttildeling