Medan freding etter kulturminnelova i første rekkje vert brukt for å sikra kulturminne eller kulturmiljø som er av vesentleg nasjonal verdi, kan regulering til «omsynssone bevaring» etter PBL § 11-8 c) verta brukt for å verna objekt og områder som er verdifulle i eit lokalt og regionalt perspektiv. Den kan også gje eit større vern til kulturminne etter kulturminnelova ved å regulera område rundt eit kulturminne, noko som er gjev et større areal enn kva som er verna i heimel av kulturminnelova. 

I Sogndal kommune er både kulturhistoriske og naturhistoriske kulturminne regulert til bevaring etter plan- og bygningslova.

Følgjande område er regulert: 

  • Mundal sentrum
  • Kvamshagen
  • Vassli - Hodlekve
  • Kvåle - Gurvin
  • Kvåle middelalder kyrjestad og -gard
  • Fosshagen og Lemhagen
  • Sogndal prestegard
  • Stedje mølle
  • Stedje kyrkjestad
  • Nedre Stedje
  • Fjøra
  • Årøy
  • Kjørnes
  • Eidet
  • Kiperhaugen
  • Eskestrand
  • Ingebriktneset
  • Nornes
  • Ytre Slinde