Kulturprisen kan tildelast ein person eller gruppe/lag som har lagt ned ein stor innsats for lagsarbeid, miljøskaping, instruksjonsarbeid, vidareføring av kulturelle uttrykksformer, lokalhistorisk arbeid, kunstnarleg verksemd eller arbeid for born og unge.

Alle kan komma med grunngjevne framlegg på kandidatar til kulturprisen.

Søknadsfrist kvart år er 1. november.

Saka om kulturpris vert politisk handsama i formannskapet. Formannskapet kan og sjølve kome med framlegg på kandidatar til prisen.
Kulturprisen vert delt ut i kommunestyremøtet i desember.