Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Fruktbygda har utvikla seg til å bli eit moderne kunnskapssenter med gode kommunikasjonar mot Bergen, Oslo og over landegrensene.
Med meir enn 2000 studentar og skuleelevar er Sogndal utdanningssenteret i Sogn og Fjordane. Som studiestad er Sogndal godt tilrettelagt med mange fritidstilbod, god studentvelferd og korte avstandar som kjenneteikn. Studentane kjem frå heile landet. Dei gjev bygda eit ungdommeleg preg og skaper eit aktivitetsnivå du ikkje finn på andre stader av tilsvarande storleik.
Høgskulen i Sogn og Fjordane er den største arbeidsplassen i Sogndal. Som ein del av høgskulemiljøet finn ein og Vestlandsforsking. Dette er ein oppdragsbasert forskingsinstitusjon med tyngdepunkt innanfor IKT, miljø- og organisasjonsforsking.
I tillegg til høgskule har Sogndal ein stor vidaregåande skule. Alle skulane er lokalisert rundt det nye kunnskapssenteret i Sogndal, Fosshaugane Campus, som ligg 10 minutt frå Sogndal sentrum.
Ved Loftesnesbrua ligg den eldste folkehøgskulen i landet som framleis er i drift. Her kan du oppleve alt frå naturfoto til spennade friluftsliv.
