Kunnskapsprøven er obligatorisk for styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om allmenn sals- eller skjenkeløyve for alkohol på fast basis.

Du må betale eit forskotsgebyr på kr 400. Prøva kan takast fleire gonger om du ikkje står. Det må betalast gebyr ved kvar oppmelding.

Tenestetorget arrangerer kunnskapsprøva og skriv ut attest når prøva er gjennomført.

Ta kontakt for å få orientering om lovverk og retningslinjer og for å avtale tid for gjennomføring av prøva.

Prøva er skriftleg med 21 spørsmål. Ein kan ikkje nytta hjelpemiddel, men framandspråklege kan bruke ordbok.