Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Fredag 6. januar kl.10.00. Fjærland, v/ bygdehuset.
Opprydding og lauskapping av stormfelte tre/rotvelter er ekstremt farleg. Det er store spenningar i trea, og det er vanskeleg å avgjere kva veg dei kan slå laus.
I samarbeid med kommunane og Skogeigarlaget arrangerar vi difor korte kurs i sikker opprydding av stormskadd skog. Kursa er gratis og det er berre å møte opp. Dei varar omlag 4 timar og har ein teoridel og ein praktisk del.
Skogeigarlaget vil også gje info om oppryddingsarbeidet.
Vi oppfordrar alle som har tenkt å starte med opprydding av stormskadd skog om å vere med på eit slikt kurs. Vi reknar med at det vert halde fleire kurs enn dei vi førebels har sett opp. Gje melding til kommunen dersom du meiner det er trong for fleire kurs! Vi annonserer kursa på heimesida vår og i dagspressa.
Kontaktpersonar :
Torkel Hofseth, Tlf. 57643083/ Mob. 90836249
