Sogndal kommune skal kartleggje, evaluere og setje i verk endringar av tenestetilbodet for målgruppa. Prosjektet heng saman med Samhandlingsreforma og vil òg bli påverka av kommunereforma. Stikkord, for kvalitet innan arbeidet, kan vere oppsøkjande arbeid, koordinerte tenester, lågterskeltilbod og tidleg intervensjon. Helse- og omsorgstenestene skal ytast tettare, nærare og meir heilskapleg enn tidlegare. Omfanget til prosjektet er eitt år med mogleg forlenging eitt år til. Ettersom målgruppa omfattar både unge og vaksne, vil det vere ein fordel om prosjektet strekk seg over to år. 

Det er Helse- og omsorgsgruppa (HOG), med leiarar frå Helse og sosial, Pleie og omsorg samt kommuneoverlege, som er styringsgruppe. Referansegruppa har medlemmar frå Psykisk helsearbeid, Rusteam, Indre Sogn Psykiatrisenter, Ungdomsavdelinga, NAV, Heimesjukepleie, Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD), Sjukeheimen og Helsesøster på vidaregåande skule. Prosjektet må sjåast i samanheng med mellom anna folkehelsearbeid, bygginga av nye Sogndal helse- og omsorgssenter og innføring av Pakkeforløp for psykisk helse og rus.

Problemstillinga er definert. Prosjektleiar har sett i gong med å samle datagrunnlag for å gjere ei vurdering av dagens tilbod, og har i samarbeid med andre interessentar danna ulike alternativ for gangen vidare. Vi vil diskutere og freiste å føresjå utkomma i tett samarbeid med brukarrepresentantar og organisasjonar. Saman dannar vi eit lag og eit grunnlag for gode avgjerder som vi kan gjennomføre.

Leiar for prosjektet er Kjell Einar Barsnes - telefon 57 62 96 39