Det vil vere eit nybyrjarkurs (mot A1-nivå) og eit kurs for dei som kan litt norsk frå før (mot A2-nivå). Undervisninga vil gå føre seg 4 timar ein kveld i veka på Kulturhuset i Sogndal, og kurset går over ti veker.
Prisen på kurset er 4000,- , og pengane må betalast inn før du kan byrja på kurset. Det er ikkje mogleg å få refundert pengar om du er borte frå kurset.

Meld deg på så raskt som mogleg, for det er om lag tolv plassar på kvart kurs.

Send ein epost til anne.may.skarpen@sogndal.kommune.no, og skriv namn og eventuelt kva nivå du er på.
Du får betalingsinformasjon når du får stadfesta plass på kurset.

Ta kontakt om du har spørsmål!