Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Kvoteordninga for mjølk har som føremål å tilpasse produksjonen av ku- og geitemjølk til marknaden. Ein mjølkekvote representerer ein eksklusiv rett til å produsere eit knapt gode.
Ved sal må heile mjølkekvoten på bruket seljast og kompensasjon vert gjeve for gjennomsnittet av leveranse innafor dei 5 siste kalendarår før avviklingsåret. Bruk med kvote for både ku og geit kan selja den eine eller begge kvotane. Dersom bruket skal selja begge må det leverast 2 innmeldingar.
50 % av kvoten kan seljast privat innan fylket eller omsetningsregion, 50 % skal seljast til staten for kr. 3,50 pr liter.
Kjøp av kvote kan skje privat eller frå staten. Minimumskvote frå staten er 2 500 liter kumjølk og 800 liter geitemjølk, pris kr. 3,50 pr liter. Det skjer ei fordeling på fylkesnivå.
Sal av kumjølkekvote: 1. oktober
Kjøp av kumjølkekvote: 1. desember
